Blått er vått. Slik reknar meteorologisk institutt det neste døgnet blir.
Blått er vått. Slik reknar meteorologisk institutt det neste døgnet blir.

Mykje vått i vente

Yr.no har sendt ut obs-varsel for Rogaland og Hordaland. Mykje regn og sterk vind er på veg frå sør.

Sundag var det Sørlandet som fekk uvêr med ekstreme nedbørsmengde og opp til 173 mm som det mest målte på eitt døgn. Lågtrykket er på veg nordover langs Vestlandet og Grannar-distriktet ligg ann til å bli ramma.

Yr.no varslar eit vått døgn.

— Frå kl. 20.00 i kveld og det neste døgnet kan det ventast lokalt mykje nedbør i Rogaland og Hordaland, inntil 70-80 mm i løpet av 24 timer.

Intens nedbør kan gi lokale flaumar og fare for vassplaning. Beredskapsaktørar blir fortløpande bedne om å vurdera behov for beredskap, heiter det.

Også sterk vind er i vente. Frå i kveld sundag sør og søraust liten storm på  kysten. I indre strøk kan det ventast lokalt kraftige vindkast, 25-30 m/s. Seint natt til måndag vil vinden minka.

Obs-varselet inneber fare for innstillingar av flyavgangar, båt og annan transport og stengde bruer.

— Takstein og takplater kan blåsa av bygningar. Vurder behov for førebyggande tiltak! heiter det i varselet på yr.no.