Laurdag kveld måtte politiet henta ein rusa og kranglevoren mann i Ølen. Det er oppretta sak og mannen er anmeld for ordensforstyrring og forulemping av offentlege tenestemenn, opplyser politiet i ei melding på Twitter. Mannen var tatt med til drukkenskapsarresten, kor han vart sittande til han vart edru.