Tett og målrikt lokaloppgjer

Ein frisk vind sette sitt preg på oppgjeret i Etne, og det var heimelaget som kom best i gong. Det stod 2-0 til Etne etter berre 13 minuttar. Først var Bjørn Kjellesvik frampå etter corner, så auka Tøres Rullestad etter eit fint angrep. Vats 94/Skjoldar kom seg sakte men sikkert inn i kampen etter kalddusjen, og greidde å redusere ved Øystein B Gjellestad etter omlag halvtimen. Dette heldt seg til pause. Andre omgang vart jamn, men det skulle gå ei tid før det vart nettkjenningar. Og det var heimelaget som auka til 3-1 etter 75 minuttar. Thomas Lien var frampå på ein retur etter eit frispark. Ein skulle kanskje tru dette var spikeren i kista for bortelaget, men dei hadde meir å komma med. Først reduserte Ørjan Grunnaleite på ei fin avslutning eit par minuttar etterpå, før Gjellestad utligna til 3-3 etter 81 minuttar. Fleire mål vart det ikkje, og laga kunne gå av bana med eitt poeng kvar.

Ølen hadde bortekamp i den nest siste runden for året, og spelte mot bylaget Hemmingstad. Kampen enda 1-1, etter at begge lag sette inn ei skåring i andre omgang. Hans Rørtveit sette inn Ølen sitt mål.

Les meir om kampane, og sjå oppdatert tabell i måndagens papiravis.