Årets unge bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonald’s Norge og Felleskjøpet Agri. Kåringa skal vera med å auka rekrutteringa til norsk landbruk og setja fokus på produksjonen av norsk kvalitetsmat.
— Det er kjekt at folk i det heile har nominert meg. At eg skulle gå vidare til semifinalen er spennande og det er ekstra stas å vera bonde når ein blir sett slik pris på, seier Lars Johan Flatebø i ei pressemelding.
Han fylgjer dermed etter Torbjørn Grønstad, også etnebu, som var nominert i fjorårets kåring.
Kriteria for å bli Årets unge bonde er enkle: Bonden må vera matprodusent, under 35 år, og vera eit sunt forbilde som kan inspirera fleire kloke hovud og driftige hender til å finna vegen til norsk landbruk. I år ser juryen spesielt etter bønder som driv gard på ein innovativ og framtidsretta måte.
Folket skal nå stemma fram fem av dei 15 kandidatane til finalen via internett. I finalen vil ein breitt samansett ekspertjury kåra vinnaren som får 20.000 kroner i reisestipend og avløysar for ei veke, levert av Norske Landbrukstenester. Vinnaren blir kåra på Felleskjøpet si landbruksmesse «Bedre Landbruk» på Lillestrøm 10. november.
I 2017 er det åttande gong Årets unge bonde blir arrangert. Sidan oppstarten har over 2.300 norske bønder blitt nominert til prisen. Juryen som skal peika ut vinnaren blir leia av av Landbruks- og matministeren.
Les mer om kandidatane og stem fram din favoritt til Årets unge bonde her: http://j.mp/2uRUbsG