Tøff motstand

Vats 94/Skjoldar hadde topplaget Haugar på besøk på Hatteland Stadion i Vats. Heimelaget har vore eitt av dei store formlaga i det siste, og såg i spaning fram mot kampen. Men med mange spelarar ute med skade og karantene eller bortreist i jobbsamanheng, vart ikkje kampen slik laget hadde håpa på. Vats 94/Skjoldar var godt organisert og stod imot Haugar i første omgang, men etterkvart byrja det å røyne på. Det vart fire baklengsmål utover i andreomgangen, og heimelaget hadde lite å koma med framover på bana. Så det vart eit 0-4 resultat i den siste heimekampen for året.

Ølen på si side hadde Nord på visitt, noko som ein skulle tru var ei overkommeleg oppgåve for det heimesterke laget. Men Nord gav heimelaget kamp om poenga, og det stod 2-2 til pause. Sverre Ramsfjell og Rune Torstenbø(str.) skåra for Ølen. I tillegg bomma Nord på eit straffespark før kvila.

Etter pause skåra Nord to gonger, og kneip alle poenga med seg heim. Etter fire strake sigrar kom tapet, i kampen som altså enda 2-4. Både Ølen og Vats 94/Skjoldar ligg trygt plassert på tabellen på høvesvis femte og sjuande plass. Etne ligg på fjerdeplass og møter Hemmingstad heime på måndag.

Les meir om kampane i måndagens papiravis.