På tomtejakt i Vikedal. F.v. Odin Matre (i vogna), Leiv Tore Matre, Mari Aalmo, Kari Frøland Mo, Milla Aaker, Rita Kristine Aaker, Marcus Aaker og Bjørg Gunn Opsal.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
På tomtejakt i Vikedal. F.v. Odin Matre (i vogna), Leiv Tore Matre, Mari Aalmo, Kari Frøland Mo, Milla Aaker, Rita Kristine Aaker, Marcus Aaker og Bjørg Gunn Opsal. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 1 av 2
Det er ti år sidan Søndenå-feltet vart utvida sist, ogmed flott usikt over Vikedal var det attraktive tomter. Her eit hus som vart bygt i 2009. 
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Det er ti år sidan Søndenå-feltet vart utvida sist, ogmed flott usikt over Vikedal var det attraktive tomter. Her eit hus som vart bygt i 2009. Arkivfoto: Jon EdvardsenBilde 2 av 2

Unge og utolmodige

Unge i etableringsfasen er utolmodige i Vikedal, og meiner Vindafjord kommune må få i gang eit nytt tomtefelt på Søndenå neste år. Bygda slit med nedgang i folketalet.

Omregulering og skredundersøkingar har tatt tid, men no skal alt vere i orden for ei utviding når alle planpapir er ferdig vedtatt ut på nyåret. Men i Vikedal er det frykt for at nye tomter skal stoppe opp sidan investeringar må på bordet for å klargjere til tomter.

— Vi håpar at Vindafjord kommune kan setje av pengar på budsjettet for 2018 til feltet. Det hastar med å få tomter i Vikedal, og per dato har vi ikkje noko, seier Kari Frøland Mo, leiar i Vikedal grendeutval.

Flytta nærmare familie

Steffen og Rita Kristine Aaker har nettopp flytta til Vikedal og har planar om å byggje seg hus i bygda. Men vilkåret er at det finst ei kjekk tomt å reise huset på.

Med barna Mille (4) og Marcus (16 mnd) er det ein familie på fire som har flytta frå Os utanfor Bergen og til Vikedal.

— Han er frå Sauda og eg frå Vikedal, og vi bestemte oss for dette etter å ha laga lister over for og mot ulike alternativ. Det betyr ein del å kome nærmare familien, spesielt sidan vi har fått ungar. Vi har selt huset på Os, så no ventar vi berre på å få tak i ei skikkeleg bra tomt med fin utsikt, seier Aaker.

Ekteparet har ikkje direkte hastverk sidan dei bur i eit ledig hus på garden til bror hennar, men dei er klar når eit alternativ er der.

Vi har selt huset på Os, så no ventar vi berre på å få tak i ei skikkeleg bra tomt
Rita Kristine Aaker

Lettare og rimelegare

— Det er lettare og rimelegare å byggje hus her enn i Os. Eg veit om fleire som har lyst til å kome tilbake og byggje seg eit hus, seier Aaker.

Blant dei som er på jakt etter tomt i Vikedal, er Leiv Tore Matre og Mari Aalmo som i dag leiger seg hus i Ølen. Der går sonen på eitt år i barnehage og dei er opptatt av å kome i gang med husbygging og etablere seg permanent i Vikedal før det går for lang tid.

— Det er i Vikedal vi vil bu og vi ventar på tomt. Går det for lenge, må vi finne alternativ. Kanskje det blir lenger vekk. Ein kan få inntrykk av at alle skal bu i Ølen, seier Leiv Tore Matre.

Han synest politikarane har gjort ein dårleg jobb med å skaffe Vikedal tomter.

— Sjølv har eg masa i halvanna år utan å få eit konkret svar. Det blir sagt at dei jobbar med saka og at det er rasfare. Inntrykket er at det har sklidd ut meir og meir, seier han.

Sambuarparet håpar likevel at det vil skje noko, slik at dei kan få bygt hus i Vikedal slik dei ønskjer.

— Det er lite tilgjengeleg av brukte hus i Vikedal og dei går fort unna. Fleire yngre ønskjer å etablere seg, seier Matre.

Har pressa på

Det er ti år sidan at Søndenå-feltet vart utvida med 15 tomter. Alle er ikkje selde, men dei resterande tomtene er så små og smale på oppsida av vegen mot fjellet, at ingen vil byggje der.

— Tomtene eignar seg ikkje, og alle vil vel ha ei brukande tomt når ein skal byggje. Det er dyrt og eg forstår at desse tomtene ikkje er aktuelle, seier Kari Frøland Mo i grendeutvalet.

Vikedal har pressa på i lengre tid for å få tomter, og grendeutvalet er utolmodige og vil at noko skal skje så fort som mogleg.

— Ting tar tid viser det seg, og det er viktig at det blir sett av pengar no slik at opparbeiding av tomter kan skje så snart reguleringsplanen er ferdig, seier Mo.

Grendeutvalet har spelt ballen inn til kommunen fleire gonger, blant anna i eit møte med ordføraren og administrasjonen.

Leiaren i utvalet opplyser at fleire ungdommar har sendt epost eller oppsøkt kommunen om tomter, men dei har ikkje fått svar, eller negativ respons.

Prioritere vekstfattige

Karin Frøland Mo viser til at bygdene som går mest tilbake i folketal skal opp på prioriteringslista for tomter.

— Kommunen ønskjer levande bygder og at ungdom skal flytte tilbake. Då må bygdene ha tomter å tilby. Det har vi ikkje i Vikedal sjølv om vi veit om fleire som vil kome tilbake og byggje hus, seier ho.

Utgangspunktet var ei utviding med 20 tomter i retning Imsland, men etter skredrapporten er talet redusert til 10 bustadtomter, pluss eit område for fortetta utbygging.

Grendeutvalet har antatt at omreguleringa vil bli ferdig i februar 2018, men leiar for plan og areal i Vindafjord kommune, Anne Sofie Sandvik, brukar tidshorisonten våren neste år.

Peikar på kvarandre

Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) har ingen konkrete løfter om når det kan bli fleire tomter i Vikedal.

— Vi har ingen plan ut over at det er Vindafjord Tomteselskap som tar seg av utbygging av tomtefelt. Dei er vår aktør på dette feltet, seier ordføraren i Vindafjord.

— Dette er kommunen sitt prosjekt. Vi har ingen konkrete planar om utbygging i Vikedal, seier Morten Helland, dagleg leiar i Vindafjord Tomteselskap AS.

Privat modell

Kommunen eig nærmare 49 prosent i selskapet, Vindafjord Arbeidsgiverforum AS nærmare 35 prosent, og resten er fordelt på seks andre selskap.

Modellen i selskapet er at det har ein grunnkapital som blir investert i tomtefelt, og når tomtene er selde, får selskapet kapital tilbake til å investere i nye prosjekt.

Senterpartiet har stått i spissen for at kommunen skal prioritere tomter i bygder med liten eller ingen vekst, medan tomteselskapet også ser på kvar folk helst ønskjer å byggje hus i kommunen, og dermed gir omsetning av tomter.

— Spesielt Vikedal og Sandeid manglar tomter. Vi må sjå på korleis vi kan få det til, men eg kan ikkje love noko konkret for Vikedal sin del, seier Vierdal.