Utan gyldig førarkort

Ein mann i 20-åra blei stoppa av politiet i Skjold laurdag kveld. Det viste seg han køyrde bil utan gyldig førarkort, noko som førte til anmeldelse. I tillegg blei bilen avskilta på grunn av manglande omregistrering. Betre gjekk det då politiet litt tidlegare på kvelden hadde promillekontroll på E124, Liaheia i Skjold. 49 sjåførar blei kontrollerte og alle var edru, melder Sør-Vest politidistrikt ad. Haugesund.