Andreas Hustveit gir instruksjonar til nesten 70 frivillige som tysdag hjelpte til med leitinga etter den sakna Christian Kvamme.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Andreas Hustveit gir instruksjonar til nesten 70 frivillige som tysdag hjelpte til med leitinga etter den sakna Christian Kvamme. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 1 av 4
Andreas Hustveit leiar den private leiteaksjonen.
Andreas Hustveit leiar den private leiteaksjonen.Bilde 2 av 4
Christian Kvamme (28) har vore sakna sidan torsdag kveld i førige veke. 
FOTO: PRIVAT
Christian Kvamme (28) har vore sakna sidan torsdag kveld i førige veke. FOTO: PRIVATBilde 3 av 4
Lensmann Ingvar Gjærde er imponert over engasjementet Ølen-folket viser for kvarandre.
FOTO:  TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Lensmann Ingvar Gjærde er imponert over engasjementet Ølen-folket viser for kvarandre. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 4 av 4

Alle leitar etter Christian

Forsvinninga til Christian Kvamme (28) i Ølen har vekt eit stort engasjement i bygda.

— Noko slikt kan råke kven som helst av oss neste gong. Det skulle berre mangle at me ikkje stiller opp, seier Elisabeth Gundersen (57) frå Ølen.

LES OGSÅ: Ber folk sjekke garasjar og naust

Klokka er litt over to tysdag ettermiddag. Me står på ein parkeringsplass nedanfor Frisk treningssenter, like vest for Ølen senter. Rundt oss står nesten 70 kvinner og menn. Alle har på seg støvlar og varme klede. Nokre har små barn i beresele på ryggen. Alle har meldt seg frivillig for å leite etter den sakna Christian Kvamme (28) langs strandkanten.

Andreas Hustveit (38) dirigerer dei frivillige puljevis saman med Jon Nielsen.

Noko slikt kan råke kven som helst av oss neste gong
Elisabeth Gundersen, frivillig leitemannskap

— De kan gå heilt ut til moloen på hyttefelt på Vaka, og byrja der, fortel han til ei gruppe på tre personar som tek i mot kart og instruksjonar.

Privat initiativ

Skydekket ligg lågt over Ølsfjorden denne ettermiddagen. Så lågt at eit fly som var venta frå Sola flyklubb for å delta i leitinga, ikkje kunne ta seg ned til det aktuelle leiteområdet. Difor har private stilt opp med fjernstyrte dronar med kamera for å søke over sjø i Ølsfjorden.

Det var Andreas Hustveit som tok initiativ til den private leitinga, og leiar den mellom anna gjennom Facebook-gruppa «Vi som leter etter Christian Kvamme».

Han kjenner familien til den sakna, og var ikkje tvil om at han ville hjelpe.

— Fredag morgon organiserte vi leiting med bil, fortel han.

Det vart søkt i heile regionen. Langs vegane mot Sauda, over Røldalsfjellet, ved Kritle og i Vakadalen. Utan å finne spor av den sakna eller bilen. Laurdag kveld konkluderte dei med at den sakna tvilsamt hadde køyrd ut på hovudvegen. Det vart bestemt å søke langs sjøen.

— Me sette oss ned i klubbhuset til Ølen IL, lagde kart, delte leiteområdet inn i soner mellom Dreganes og Hundhammar. Så sende me folk av garde. På tredje søket fann vi bildelar ved hurtigbåtkaia og ringte politiet med ein gong, fortel han.

Det viste seg å vere eit viktig funn. Dykkarar frå brannvesenet fann bilen på 13-14 meters djupne, med utgangspunkt i staden dei frivillige hadde peika på.

— Bygdene på sitt beste

Lensmann Ingvar Gjærde kjem òg nedom kaia for å fortelje om status i saka før dei frivillige legg av garde. Han er imponert over engasjement. Og legg ikkje skjul på at dei er til god hjelp.

— De gjer ein kjempejobb, sa han til forsamlinga, då han var innom for å gje ein status på arbeidet.

Han utdjupar til Grannar at dette er noko politiet er vant med å sjå når noko alvorleg skjer i lensmannsdistriktet.

— Dette er bygdene på sitt beste. Folk stiller opp for kvarandre når noko skjer, seier han.

Dei friviljuge sitt søk er samkøyrd med politiet sitt som fram til tysdag kveld var koordinert med Røde Kors, og leia frå ein felles kommandosentral i klubbhuset til Ølen idrettslag.

Søk både på land, i sjø og over sjø ved hjelp av mannskap frå politi, brannvesen, frivillige frå Røde kors-avdelingar fleire stadar på Haugalandet og Norske redningshundar – og altså mange titals andre frivillige i Ølen, hadde fram til onsdag morgon ikkje ført fram til avgjerande funn. Medieomtale av saka er delt mellom tusenvis av menneske i heile Noreg, men også det utan avgjerande funn i saka.