Brann i plattformbein på Raunes

Politiet melder laurdag kveld om brann i eit plattformbein ved Raudnesholmen i Nedre Vats. Ingen personar skal vera involver. Det dreier som om brann i ei plattform som er under opphogging. Både politi og brannvesen rykkjer ut. Sør-Vest politidistrikt opplyser at det ikkje er opne flammar og at det dreier seg om ein ulmebrann som er i ferd med å bli sløkt.