NVE har handsama ein søknad frå Sunnhordland Kraftlag (SKL) om løyve til å byggja og driva Løkjelsvatn kraftverk i Etne og rår Olje- og energidepartementet til å gi konsesjon. SKL ynskjer å byggja eit nytt Ljøkelsvatn kraftverk som skal nytta dei eksisterande reguleringane i vassdraget. Det nye kraftverket vil auka den totale kraftproduksjonen i vassdraget med om lag 20 GWh, tilsvarande straumbruken til om lag 1.000 husstandar. NVE meiner prosjektet gir ei betre utnytting av eksisterande reguleringar og at negative effektar av inngrepet i stor grad kan reduserast gjennom avbøtande tiltak. Litledalsvassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag og eit verna vassdrag. NVE si tilråding inneber at det sikrast ei meir stabil vassføring nedstraums Litledalsvatn enn i dag, noko som vil vera positivt for livet i vassdraget. Kraftverket vil knyta seg på eksisterande 66 kV-leidning Litledalen – Hardeland med jordkabel frå transformatoren. Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.