Mange på veg austover blei vinka inn av politiet då etaten fredag ettermiddag gjennomførte ein dokument- og åtferdskontroll på E134 på Favnebø i Ølensvåg. 222 køyretøy blei kontrollert. Resultatet var to munnlege pålegg, melder Sør-Vest politidistrikt.