Arbeidsulukke på Westcon

Til sjukehus med kuttskadar


Klokka 13.58 fredag fekk politiet i Sør-Vest inn melding om ei arbeidsulukke på Westcon i Ølensvåg, der ein mann er skadd etter ei ukjent hending der ein truck er involvert. Det blei først opplyst at personen fekk trucken over seg, men det er visst ikkje tilfelle. Operasjonsleiar i Stavanger melder at Arbeidstilsynet er kopla inn i saka. I følgje politiet skal trucken ha velta sidelengs uten at mannen falt ut av trucken. Dermed var det hovudet som fekk seg ein smell, og pasienten som heile tida var vaken, har fått kutt i hovudet og blir tatt med til Haugesund sjukehus i ambulanse, melder politiet. Det blir framleis jobba med å få klarlagt hendingsforløpet.