16 lag er kvalifisert for å spela i den lokale 5. divisjonen i nordfylket i Rogaland. Etter litt fram og attende, har kretsen landa på å dele laga i to puljer med åtte lag i kvar. Det vil bli spelt trippel serie. Ein spelar då tre kampar mot kvar motstandar, noko som gjer 21 kampar totalt. Etne, Ølen og Vats94/Skjoldar er komne i same pulja, og dette betyr at det vil bli ekstra mange lokaloppgjer i 2018-sesongen.
Stegaberg, Vard 2, Rubbestadneset, Nord og Leirvik utgjer resten av pulja.
I den andre pulja finn ein stort sett Karmøy og Haugesundslag og vil bestå av desse laga:
Kopervik 2, Hemmingstad, Avaldsnes, Torvastad, Skudenes, Haugar, Åkra 2 og Kolnes.
Begge puljevinnarane rykkjer direkte opp.