Brann var bål

Rundt klokka 18.00 laurdag kveld fekk 110-sentralen melding om husbrann i Stordalen i Etne. To bilar rykte ut med blålys både frå Etne og Skånevik, men det viste seg at eit bål var opphavet til meldinga. Bålet vart sløkt og brannvesenet kunne returnere. Varabrannsjef og utrykkingsleiar i det interkommunale brannvesenet for Etne og Vindafjord, Finn Ulvund, seier mange ikkje er klare over at det er strenge vilkår for å kunne fyre opp bål. Det er ikkje lov etter at det er blitt mørkt og brannvesenet skal ha melding. I dei lokale brannforskriftene er det berre lov å brenne tørt hageavfall og bråte under rydding av beite.