Nokre hundre meter aust for bensinstasjonen på Tjelmeland eg vegen stengt grunna ras. Ingen bilar kjem forbi
Foto: Grethe Hopland Ravn
Nokre hundre meter aust for bensinstasjonen på Tjelmeland eg vegen stengt grunna ras. Ingen bilar kjem forbi Foto: Grethe Hopland RavnBilde 1 av 6
Jordraset på Tjelmeland 
Foto: H. Sævareid
Jordraset på Tjelmeland Foto: H. SævareidBilde 2 av 6
Vågselva i Ølensvåg har gått over sine breidder
Foto: Arne Frøkedal
Vågselva i Ølensvåg har gått over sine breidder Foto: Arne FrøkedalBilde 3 av 6
Det er mykje vatn i vegbanen i Stordalen
Foto: Grethe Hopland Ravn
Det er mykje vatn i vegbanen i Stordalen Foto: Grethe Hopland RavnBilde 4 av 6
Vatn ned mot Stordalsvatnet
Foto: Grethe Hopland Ravn
Vatn ned mot Stordalsvatnet Foto: Grethe Hopland RavnBilde 5 av 6
Store vassføringar
Foto: Grethe Hopland Ravn
Store vassføringar Foto: Grethe Hopland RavnBilde 6 av 6

Opna for manuell dirigering

Det mer meldt om ras på E 134 både i Stordalen og på Tjelmeland i Etne. I tillegg er det fleire stader svært vanskelege køyreforhold.

Siste: Vegtrafikksentralen Vest melder om at vegen no er opna for manuell dirigering etter jordraset veslejulaftan

Vêret veslejulaftan byr på utfordringar for dei reisande, og på Tjelmeland er vegen heilt stengt grunna jordras. Raset er ikkje av det største slaget, men nok til at ingen bilar får køyra forbi. Dermed er det danna lange køar, spesielt på austsida av raset, mot Åkrafjorden.

Tidlegare i dag gjekk også eit jordras i Stordalen, men her var entreprenørane kjappe med å rydda vegbanen og det tok ikkje lange tida før det var fri ferdsel igjen.

Dei store vassmengdene skapar også store utfordringar fleire stader. Elvar og bekkar har gått over sine breidder både i Etne og Vindafjord, og fleire stader er det store vassmengder i vegbanen. Det er også registrert kvistar, greiner og steinar i vegbanen i Stordalen, så ein må berre bruka låg fart og god tid når ein skal ut på tur.