Nyttårsaftan er til glede for mange, men også til skrekk for andre. Spesielt dei firbeinte, som kan reagera kraftig når nyttårsrakettane smell over hovudet på dei. I seinare år er det blitt meir og meir vanleg å starta med rakettar tidleg på ettermiddagen, så smell det jamt og trutt utover kvelden. Dette gjer det vanskeleg for dei med firbeinte dyr. Det kan vera storfe og hestar som blir livredde, så vel som hundar og kattar. Søndag er det nyttårsaftan og derfor er ei påminning om reglar for oppskyting av fyrverkeri på sin plass: For det første må ein vera 18 år for både å få lov til å kjøpa fyrverkeri, og å tenna på lunta. Nødrakettar og rakettar er ikkje lov til å senda opp, det er berre batteri, airbombs, sjerneskudd og fontener som framleis er tillete, og så er det viktig å hugsa på at det berre er lov til å skyta opp fyrverkeri mellom klokka 18.00 og 02.00 på sjølve nyttårsaftan. —Det er også viktig å bruka skikkeleg sikkerheitsutstyr når ein handterer fyrverkeri, og ein veit at nyttårsafta er høgsesong for skadar på auge og hender. Vernebriller skal alltid følgja med når ein kjøper fyrverkeri, seier brannsjef i Etne og Vindafjord, Morten Svandal