Driftsoperatør i Etne kommune, Eirik Molland kan informera om at vegen inn til Øyno i Stordalen no er opna igjen etter at den var stengt i nesten eit døger.
— Me ser det er ein del skadar på vegen som må utbetrast før vegen er i god stand igjen. Men køyrer ein forsiktig, går det an å køyra på vegen, seier Molland.