Varslar mykje nedbør

Vêrvarslinga for Vestlandet meld om at det truleg kjem store nedbørsmengder dei næraste dagane. Det er venta mellom 300 og 400 millimeter over ei periode på tre døgn, frå natt til tysdag til og med torsdag i sørlege delar av Vestlandet. — Me ber alle om å følgje med lokalt og kontrollere eigne stikkrenner, kummar og grøfter i forkant av perioden, skriv Vindafjord kommune på si nettside. Nedbøren er venta i to periodar. Først frå natt til tysdag, då vil det vare i om lag 24 timar. Så vil det roe seg noko på dagtid onsdag, men ta seg opp igjen om kvelden og truleg halde fram i nye 24 timar.