Halvparten av bilistane som vart kontrollert for fart i Etne onsdag fekk bøter.
ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN
Halvparten av bilistane som vart kontrollert for fart i Etne onsdag fekk bøter. ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN

16 av 32 fekk bøter

Utrykkingspolitiet og mannskap frå Etne og Vindafjord lensmannskontor gjennomførte ein fartskontroll p E135 vest for for Etne sentrum tysdag føremiddag. 32 bilar vart kontrollerte og heile 16 av sjåførane tråkka for hardt på gasspedalen og fekk forenkla førelegg for det. Høgaste fart var 71 kilometer i timen i 50-sona. — Når halvparten av dei vi sjekkar held for høg fart, så er det naturlegvis eit altfor høgt tal. Det bør ikkje kome som noko overrasking over at det er kontrollar i dette området, og det kjem det også til vere i tida framover, seier lensmann Ingvar Gjærde.