Snøen som er kome dei siste dagane, har resultert i gode forhold for å ta seg ein skitur i Grannar-distriktet. Og vil du ha nypreparerte skiløyper er parkeringsplassen på Opheim i Ølen og Fjellsøl i Sandeid eit godt utgangspunkt.
Friluftsrådet Vest melder om flotte forhold og rikeleg med snø.
— Onsdag blei det køyrt løyper både i lysløypene mellom Opheim og Fjellsølt, og like inn til Olalia fjellstove, opplyser Knut-Arild Sørensen i friluftsrådet.
På Olalia blei det målt nærare 50 centimeter snø onsdag. Det er meldt om meir snø dagane før helga. Ifylgje varsla på yr.no peikar laurdag og sundag seg ut som dei beste dagane for ein skitur. Over helga er det meldt mildare vêr og alt tysdag vil nedbøren truleg gå over til regn. Også på Olalia vil temperaturen gå opp til plussgradar ut i neste veke.