Sjanselaus i spurten

Jespersen på 15. plass i NM 30 km.


Chris André Jespersen var med og prega laurdagens 30 km med skibyte i NM, men var sjanselaus då Martin Jonsrud Sundby sette opp farten mot slutten og tok ein klar siger.

Skåneviksbuen var ein del av eit stort felt på 17 skiløparar som var samla då det stod igjen éin runde på fem kilometer.

Det blei sett stort tempo den siste kilometeren, men Sundby hadde full kontroll på gullet. Niklas Dyrhaug tok andreplassen og Finn-Hågen Krog blei nummer tre. Jespersen måtte sjå mange løparar forbi seg mot slutten og kom inn 12,3 sekundar bak vinnaren på 15. plass.