Bil hamna i bekk

Sjåføren kom seg ut.


Naudetatane rykte ut etter at det torsdag kveld blei meldt om utforkøyring på E134 på Grønstad, aust for Etne. Ifylgje meldinga til politiet skal sjåføren, ein mann i 20-årsalderen, ha vore åleine i bilen. Utforkøyringa enda i ein bekk like ved europavegen. Sjåføren kom seg ut og skal ikkje vera alvorleg skadd. Han blei tatt hand om av helsepersonell på staden. Både ambulanse og brannmannskap blei tilkalla, opplyser Sør-Vest politidistrikt.