Etnebu heidra av Kongen

Malaren og skulptøren Arne Mæland (67), opphavleg frå Etne, fekk laurdag utdelt Kongens fortenstmedalje.

Mæland er ein røynd kunstnar. Han er busett i Os kor han har atelier og galleri.

Bak forslaget om å gje Arne Mæland Kongens fortenestemedalje stod ei heil rekkje personar, først og fremst Christian Rieber som alt i 2015 hadde levert inn sitt forslag, skriv Os & Fusaposten.

— Han er ein einar som med si kraft, rausheit, fantasi og entusiasme har skap aktivitet og engasjement, skreiv Rieber.

Særleg vart Skulptursymposiet trekt fram, og hans evne til å løfta fram andre kunstnarar – både lokalt, nasjonalt og internasjonalt skriv avisa.