Ingen utslag

Ein promillekontroll i Sandeid i titida laurdag resulterte i null utslag for rus, og det var ingen reaksjonar frå politiet si side. I alt 90 bilistar vart sjekka av ein patrulje, opplyser operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.