Skremde familie

Det var rett før midnatt laurdag kveld ein familie i Etne fekk seg ein støkk. Ein overstadig rusa mann prøvde å ta seg inn i bustaden deira. Han banka på dørene og knakk eit dørhandtak. Då politiet kom til staden prøvde dei først å køyra 19-åringen heim, men enda opp med å ta han med seg til arresten i Haugesund. Mannen vil bli meldt for ordensforstyrring, opplyser politiet.