Klokka 15.13 gjekk det ut melding om brann i Skjold skule. Naudetatane er på veg til staden, opplyser Sør-Vest politidistrikt.
Siste opplysning rundt kl 16.00 er at det er brann i eit ventilasjonsanlegg. Brannvesenet arbeider framleis med å få sløkt brannen.
— Det er ingen opplysningar om skadde personar. Skulen er gjennomsøkt og ingen personar er inne, opplyser politiet.
Det var stor røykutvikling då Grannar var på staden i 16-tida. Tett røyk la sege ut over området mot kyrkja.
Mellom 10 og 15 barn var på SFO då brannen starta, og dei blei evakuert til Skjold Arena.
Rektor Berit Mortveit Listog har ikkje oversikt over skadane, og kan ikkje si noe om det blir undervisning i morgon.
— Nokre barn vart skremde, men tilsette ivaretok dei. Skolen har snakka med alle føresette til desse, seier rektoren til Grannar sin journalist på staden,Torstein Tysvær Nymoen.
Det blei slått storalarm då brannmeldinga kom frå Skjold skule. I tillegg til sju brannbilar, rykte politiet, helsevesenet og representantar for teknisk etat i Vindafjord ut. Det blei også rekvirert ein stigebil frå Haugesund for å koma seg opp på taket.
Skjold skule har elevar frå første til tiande klasse, samt SFO, og har elevar frå både Vats og Vikebygd, i tillegg til Skjold.
Siste: Torsdag ettermiddag gjekk det ut melding til foreldre at skule blir stengt for undervisning fredag.