Politiet rykte torsdag ut til Enge skule etter melding om branntilløp. Ifølgje Sør-Vest politidistrikt har nokon tent på ei jakke. Meldinga kom kl. 12.40. Brannen er sløkt, men politiet ser alvorleg på hendinga fordi det har vore liknande episodar ved skulen i det siste. Også måndag gjekk alarmen, og resulterte at politiet var på staden utan å finna ut kven som stod bak.
Torsdagens branntiløp skjedde ved småskulen. Det var to tilfelle og begge gonger tok personalet affære og sløkte brannane som var påsette. Ved det siste høvet blei elevane rutinemessig evakuert.
Enge er ein kombinert barne- og ungdomsskule med fleire hundre elevar.