Nedgangen i arbeidsløysa held fram. Også på Haugalandet er utviklinga positiv. Alle kommunane i regionen har nedgang i talet på ledige den siste månaden, med unntak av Suldal. Vindafjord har 156 personar heilt utan arbeid ved inngangen til mars, mot 161 i månaden før. Dette utgjer 3,2 prosent, som er blant det høgaste i Rogaland. Etne kommune har 38 registrert som heilt ledige, to fleire enn i januar, som utgjer 1,7 prosent av dei sysselsette. For heile landet var det 500 færre ledige siste månad i tala som NAV nå presenterer. Det utgjer 2,5 prosent av arbeidsstyrken. Totalt er det registrert 69.800 heilt ledige, ein nedgang med 15.000 det siste årete.