Kirsten Hanssen dokumentert haloen som viste seg fram over Vats torsdag.
FOTO: PRIVAT
Kirsten Hanssen dokumentert haloen som viste seg fram over Vats torsdag. FOTO: PRIVAT

Halo i Vindafjord

Barna i Skjold barnehage oppdaga noko uvanleg på himmelen då dei leikte ute sist torsdag. En stor ring rundt sola! — Det såg ut som det var regnbogefarger i ytterkanten av ringen. Det var flott å sjå på, og me måtte jo finne ut kva dette var, skriv assisterande styrar i barnehagen, Kirsten Hansen, i ei melding til Grannar. På internett fann dei ut at det var ein såkalla halo, eit optisk fenomen som oppstår når sollyset blir brote gjennom iskrystallar i atmosfæren. På nettsida yr.no kan ein lese at fenomenet oppstår eit par gonger kvar veke i Europa, og blir difor sett på som eit ganske vanleg fenomen.