Kappkøyrde med ambulanse

Ein mann i 50-åra risikerer eit oppgjer med lovas lange arm etter å ha blitt anmeldt for råkøyring i Vindafjord laurdag ettermiddag. Ein ambulanse under utrykking på E134 frå Skjold mot Ølen, ringte politiet og meldte at ein bil låg på hjul i same fart. Det er 60 og 80 sone på strekninga, medan ambulansen heldt langt høgare fart. Ein politipatrulje i området blei alarmert og greidde å stansa sjåføren, melder Sør-Vest politidistrikt.