Vindafjordtunet er ramma av eit Norovirus-utbrot. Det er registrert tilfelle av smitte både hos personale og bebuarar, opplyser Vindafjord kommune på si heimeside.
Omsorgssenteret i Nedre Vats har saman med tilsynslege og smittevernlege sett i gang smitteførebyggjande tiltak. Dette kan mellom anna føra til restriksjonar i besøk. Pårørande blir bedne om å ta kontakt med den enkelte avdeling for nærare informasjon.
— Norovirus er den vanlegaste årsaka til utbrot av ikkje-bakteriell magetarminfeksjon, mest kjent som omgangssjuke. Viruset kan ramma alle aldersgrupper, men tilstanden førekjem oftare blant større barn og vaksne, uttaler smittevernlege Iris Klage Håheim i kunngjeringa.
Norovirusinfeksjonar opptrer hyppigast om vinteren, og blir også kalla «winter vomiting disease», men det er heller ikkje uvanleg med epidemiar vår og sommar.
Vindafjordtunet er delt inn i to soner, ei sone som administrerer integrerte tenester og ei sone som ivaretar Vindafjord kommune si demensomsorg. Omsorgssenteret har totalt 57 institusjonsplassar, av desse er 38 plassar for demente.