Det vart poengdeling i Vats, då heimelaget Vats 94/Skjoldar tok imot Rubbestadnes til den tredje runden i 5. divisjon fredag kveld. Resultatet vart 2-2 etter at det stod 2-1 ved pause. Bortelaget tok ei tidleg leiing, og var lenge det beste laget. Men to seine mål i omgangen ved Johannes Urdal og Ørjan Grunnaleite snudde resultatet til pause. Rubbestadnes utlikna rett etter pause, og sjølv om heimelaget pressa på og hadde sine moglegheiter til å avgjere kampen, ebba det heile ut med 2-2. Vats 94/Skjoldar står nå med fire poeng etter tre kampar.
Etne kunne ta sin tredje strake siger i heimekampen mot Nord på fredag. Men Nord tok leiinga tidleg, og Etne måtte grave djupt for poenga denne gongen. Men heimelaget greidde å snu kampen før pause etter to mål av Martin Kristiansen. Lars Øvernes måtte ta fram keeperarbeid av den ypperste klasse for at Etne skulle behalde leiinga i andre omgang. På overtid punkterte Tøres Rullestad kampen med si 3-1 skåring. Med dette tronar Etne øvst på tabellen med som det einaste laget med tre strake sigrar og ni poeng.
Les meir om kampane i måndagens papiravis.