Alle naudetane rykte ut til Fatland Ølen i ettermiddag på grunn av brann. Foto: Jon Edvardsen
Kritikken mot leiinga i Haugaland brann og redning fører til møte både i styret og representantskapet for eigarkommunane, og interne møte mellom tillitsvalde, verneombod og leiinga i selskapet. Her brannmannskap på jobb under ein gasslekkasje på Fatland Ølen for knappe to år sidan. Foto: Jon Edvardsen

Frykta for eksplosjon

Faren over hos Fatland Ølen etter brann.

Alle naudetane rykte ut i ettermiddag etter at det var meldt om brann i ein verkstad hos Fatland Ølen AS. Rundt klokka 15.30 stengte politiet E134 og starta evakuering i nabolaget på grunn av behaldarar med gass i bygningen.

Ein halvtime etterpå var faren for eksplosjon over og europavegen vart opna igjen.

— Evakueringa er avbroten og det er ikkje lenger fare for eksplosjon, opplyser Sør-Vest politidistrikt på Twitter.