Slik såg det ut på brannstaden på Eikemo fredag føremiddag. Garasjen og verkstaden er vekke, men Geir Arne Eikemo er glad for at både våningshuset (t.h.) og hønsehuset vart berga.
FOTO: PRIVAT
Slik såg det ut på brannstaden på Eikemo fredag føremiddag. Garasjen og verkstaden er vekke, men Geir Arne Eikemo er glad for at både våningshuset (t.h.) og hønsehuset vart berga. FOTO: PRIVATBilde 1 av 2
Geir Arne Eikemo trur ikkje han hadde vore i live om ikkje naboen hadde oppdaga brannen.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Geir Arne Eikemo trur ikkje han hadde vore i live om ikkje naboen hadde oppdaga brannen. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 2 av 2

Glad for å vere i live etter brann

Det fins ikkje anna sløkkjeutstyr enn private hageslangar på Eikemo. Natt til fredag brann ein garasje og ein snikkerverkstad ned til grunnen.

Truleg var det berre flaks som sytte for at ingen kom til skade då det tok til å brenne i garasjen og snikkerverkstaden til bonde Geir Arne Eikemo på Eikemo i Etne natt til fredag.

Hadde ikkje naboen oppdaga brannen, hadde eg nok ikkje vore i stand til å snakke med deg no.

Geir Arne Eikemo

Det var naboen hans, Nils Kjetil Eikemo, som ved midnattstider tilfeldigvis oppdaga at det brann i bygninga som står nokre få meter frå bustaden kor Eikemo låg og søv.

— Eg fekk levert nokre kviger på ettermiddagen, og bala med å få dei opp på kaia. Då glei eg og fekk nok brest par ribbein. Difor tok eg eit par Paralgin forte mot smertene og sovna som ein stein, fortel han.

Han søv så godt at han heller ikkje av at brannalarmen i bustaden vart utløyst.

Vekt av naboar

Det var søstera hans som fekk vekt han til det dramatiske synet av at garasjen og snikkerverkstaden, som sto nokre få meter frå våningshuset, sto i full fyr.

Det fins ikkje noko offentleg sløkkjeutstyr i den veglause grenda.

— Heldigvis hadde naboen hageslange, slik at me i alle fekk dynka vatn på bustaden og hønsehuset som står enda nærmare, seier han.

Han fortel at eit vindauge på bustaden hans har fått skadar som følgje av brannen, men er elles berre glad for at alt gjekk så bra.

— Hadde ikkje naboen oppdaga brannen, hadde eg nok ikkje vore i stand til å snakke med deg no, seier han.

Då brannvesen, helsepersonell og politi tok seg over Åkrafjorden til den veglause plassen seinare på natta, kunne dei ikkje gjere anna enn å slå fast at alle menneskje var gjort greie for, og at garasjen og snikkerverkstaden brann ned til grunnen.

— Heldigvis hadde eg ikkje parkert traktoren min i garasjen, fortel han.

Men ein flunke ny ATV gikk tapt, i tillegg til det aller meste av gardsverktøyet hans.

Ønskjer gyllevogn

For nokre år tilbake var det plassert ein gamal brannbil på Eikemo, og innbyggarane fekk kurs i å bruke han.

— Men då det tok til å brenne i ei bygning fekk me ikkje start på han, fortel han.

Eikemo fortel at brannbilen vart seinare seld til ein klubb for veterankøyretøy.

— Bilen er ikkje erstatta, seier Eikemo som meiner at kommunen i minste fall burde kunne få på plass ei gyllevogn med vatn som ein då kan nytte seg av når det oppstår situasjonar som den natt til fredag.

— Mindre effekt

Brannsjef Morten Svandal i Etne og Vindafjord Brann og redning seier at det er argument både for og i mot å ha gyllevogner som ein del av brannbereiskapen. Og at det uansett må vurderast opp mot både kostnadar og anna oppfølging av desse.

— Men vi har sett at det kan ha effekt i samband med skogbrannar, seier han.

I høve til brann i bygningar har dei derimot mindre effekt, men kan ha nytte i høve til å kjøle ned vegger, stadfestar han.

Brannvesenet hadde med seg pumper og slangar då dei kom til Eikemo natt til fredag, og etablerte vassforsyning frå elva, om lag 150 meter frå garden til Eikemo. Dei vart efrakta av privat skyss frå kai på Viskjer og over til andre sida av fjorden, der var det ordna med privat skyss dei tre kilometrane opp til Eikemo.

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 00.15. Seks minutter seinare var deira mannskap, frå stasjonane i både Skånevik og Etne, på veg. Det er loggført at dei var på veg over fjorden frå Viskjer i båt klokka 00.53, og at dei var i gong med innsats på Eikemo cirka 01.15, altså nøyaktig ein time etter dei vart varsla.

12 brannmenn deltok i aksjonen. I tillegg kom to frå ambulansetenesta og to tenesetpersonar frå politiet til staden.

Det var rekvirert tre båtar for å bringe folk og utstyr over fjorden, to private i tillegg til ambulansebåten som har base i Kvinnherad.

Politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor opplys at dei førebels ikkje har konkludert med noko brannårsak.

— Men ting tydar på at brannen starta i garasjen og spreidde seg til verkstaden som ligg vegg i vegg med garasjen, seier han.