Kollisjon i Isvik

Klokka 13.01 måndag meldte politiet på Twitter at det hadde skjedd ei trafikkulykke på E134 i Isvik. To bilar var involvert i ulykka og det var ein person i kvar bil. Sjåførane vart teken hand om av helsepersonell. Ifølgje Sør-Vest politidistrikt er det ikkje snakk om alvorlig personskade. Litt før klokka 13.30 gjekk trafikken som normalt forbi ulykkesstaden.