Sesongstart i 5. divisjon

Ølen var favorittar mot nyopprykka Rubbestadnes, og laget fekk ei enkel oppgåve etterkvart. Kampen vart avgjort dei siste ti minutta av første omgang, då heimelaget sette inn heile fire mål før dommaren bles av til pause. Hans Rørtveit(2), Rune Torstenbø og Bjørn Tore Lunde stod for nettkjenningane.

I andre omgang auka Ølen til 5-0 etter eit sjølvmål, før Rune Torstenbø fastsette sluttresultatet til 6-0.

Tre velfortente poeng vart igjen i Ølen, som neste veke tar imot Stegaberg til nok ein heimekamp.

I morgon fredag er det klart for det første lokalderbyet for sesongen, når Vats94/Skjoldar tar i mot Etne til kamp på Hatteland Stadion i Vats.

Andre resultat frå den første runden: Vard2-Stegaberg 4-1, Leirvik Ballklubb-Nord 3-5.

Les meir om kampen i måndagens papiravis.