To mista lappen

Tolv sjåførar blei stansa då politiet seint fredag kveld gjennomførte ein fartskontroll i 60-sona på E134 i Etne. Dei blei skrive ut ti fartsbøter, medan to sjåførar fekk førarkorta beslaglagt i løpet av halvanna time. Høgaste fart blei målt til 91 km/t, melder Sør-Vest politidistrikt.