Westcon Yards har bestemt seg for å anka dommen frå Stavanger tingrett i samband med Safe Scandinavia-oppdraget. Dette er i tråd med det verftet tidlegare har signalisert overfor Grannar. I retten blei verftet i Ølensvåg dømt til å betala Prosafe 344 millionar kroner pluss renter og 10,6 millionar i saksomkostningar. — Dommen blir anka. Me er djupt ueinige med konklusjonen som frå tingretten, og me tar saka opp igjen, seier konsernsjef i Westcon Yards, Arne Birkeland til nyheitsbyrået TDN Direkt. Han legg til at dei har brukt tid til å vurdera dommen og hatt prosesser gåande for å vurdera deira posisjon og dom.