Bot for piggdekk

Politiet sjekka dokument og bilbelte hos køyrande på E134 ved Knapphus tysdag ettermiddag. 14 sjåførar blei kontrollerte, og éin av desse fekk gebyr for bruk av piggdekk, melder Sør-Vest politidistrikt.