Køyrte inn i bilen framfor seg

Politiet tok førarkortet.


Politiet beslagla førarkortet og opprettar sak mot ein sjåfør som køyrde inn bakparten på ein bil. Trafikkulykka skjedde på E134 på Norheim i Stordalen i Etne midt på dagen torsdag. Sør-Vest politidistrikt opplyser at ingen kom til skade og at trafikken forbi ulykkesstaden gjekk greitt.