Ølen vann fortent 2-5 over heimelaget i Vats, etter at det stod 0-2 til pause. Vats 94/Skjoldar meldte seg litt meir på i kampen i andre omgang, men Ølen vann til slutt komfortabelt lokaloppgjeret. Hans Rørtveit, Rune Torstenbø, Håvard Stople, Bjørn Tore Lunde skåra mål for Ølen. I tillegg fekk dei eit sjølvmål i sluttminutta. For Vats 94/Skjoldar tegna Tore Berakvam Stokka og Ørjan Grunnaleite seg på skåringslista.
Ølen kom seg opp på sida av Etne på toppen av tabellen med dette resultatet, men Etne spelar sin kamp i morgon, torsdag mot Stegaberg. Vats 94/Skjoldar blir ståande med sine sju poeng på ein fjerdeplass.
Les meir om kampen i måndagens papiravis, og i eiga nettsak på fredag.