Kraftig vind gjorde sløkkingsarbeidet vanskeleg.

Også sivitl utstyr blei sett inn i sløkkinga av lyng- og grasbrannen i Vats. Foto: Tor Andre Johannessen

Rundt 20 mål svidd av

Det var aldri fare for at elden kunne spreia seg til busetnad då det oppstod ein gras- og lyngbrann i Vats onsdag ettermiddaga.

av Arne Frøkedal

Brannalarmen gjekk i Vindafjord då politiet fekk varsel om at ei bålbrenning i Øvre Vats var kome ut av kontroll.

— Mykje røyk og stort omfang, var det første varselet.

På grunn av sterk vind frå sør spreidde brannen seg i det knusktørre terrenget på sørsida av E134. Brannen spreidde seg nord/nordvest frå området ved Eikelandstjødna. Det blei kalla ut store styrkar frå det brannvernet i Vindafjord, samt frå Etne. Også sivile deltok i sløkkinga.

— Næraste bustand er på Frønsdal, men det er ingen fare for spreiing dit, opplyste Sør-Vest politidistrikt.

Etter rundt fire timar iherdig arbeid var det lite flammar igjen. Det førebelse anslaget frå politiet tyder på at eit ca. 20 mål stort område er brunne.

Ein mannen i 40-åra som som skal ha stått bak bålbrenninga, er avhøyrt. Politiet vil vurdera om skal anmeldast for aktløyse.