Erling Bjarte Rullestad i kamp om ballen, medan Øystein Ekrheim fylgjer spent med. 
Foto: Magne Skålnes
Erling Bjarte Rullestad i kamp om ballen, medan Øystein Ekrheim fylgjer spent med. Foto: Magne Skålnes

Våt nedtur

Etne kom under med 0-2 tidleg i kampen mot Stegaberg på Kristi himmelfartsdag. Mot slutten av første omgang kom Etne meir med i kampen. I andre omgang var det einvegskøyring frå Etne si side, og dei utlikna etter omlag 65 minuttar etter mål av Erling Bjarte Rullestad og Tøres Rullestad. Etter mange store Etne-sjansar vart det likevel Stegaberg som sette inn vinnarmålet med ti minuttar igjen av kampen. Ein solid nedtur for Etne som hadde vunne alle sine kampar før denne. Ølen overtar dermed leiinga på tabellen, der Etne fylgjer hakk i hæl på same poengsum, men med dårlegare målskilnad. Ølen og Etne møter kvarandre på SR-Bank Stadion i Ølen i neste runde.