Braktap mot Vard 2

Serieleiar Vard 2 var motstandar for Etne då laga tjuvstarta den niande serieomgangen i 5. divisjon. Sist Etne møtte laget vann dei uventa 3-1 på heimebane. Men måndag kveld vart det revansje for bylaget på eige gras i Haugesund. Det stod 2-0 til pause, der eitt av måla kom på straffe. Det kom heile fire mål til i andre omgang, slik at resultatet vart 6-0 til Vard 2. Ifølge rapportane stod Etne-keeper Lars Øvernes ein strålande kamp, noko som redda laget frå endå styggare siffer.

Vard 2 tar leiinga på tabellen med 21 poeng, medan Etne blir ståande på sine 16 poeng. Ølen kan komma á poeng med Vard 2 med siger borte mot Stegaberg på fredag. Same kveld spelar Vats 94/Skjoldar heime mot Nord.