I full fart over Fikse

Det gjekk unna i trafikken då UP gjennomførte ein fartskontroll på E134 på Fikse i Ølen fredag kveld. I alt sju førarar blei tatt for brot på fartsgrensa på 80 km/t. Sjåføren med høgast fart blei målt til 135 km/t, noko som resulterte i inndraging av førarkortet. Dei seks andre slapp unna med forenkla førelegg, melder Sør-Vest politidistrikt.