Slagsmål med lause tenner

Sør-Vest politidistrikt opplyser at det var fleire forhold i samband med Vikedal Roots Music Festival i natt.

Det var eit slagsmål der ein av partane kunne kjenne på lause tenner etterpå. Ein person vart vist vekk frå området av politiet, men han skjønte det ikkje og kom raskt tilbake, opplyser operasjonssentralen. Dermed bar det i arresten.

Klokka 04.00 natt til laurdag fekk politiet melding om at ein lekter med folk om bord var i ferd med å søkke i båthamna i Vikedal. Det viste seg å vere problem med ei lensepumpe som vart ordna. Festen om bord vart avslutta.