Etne har fått ny kulturleiar

Morten Odeen (60) frå Etne har takka ja til stillinga som kulturleiar i Etne kommune. Han kjem frå stillinga som rektor ved Enge skule i Etne og vil tre inn i den nye jobben i løpet av få veker. — Eg ser fram til ny jobb og eg startar så fort som mogeleg. Nå er eg i full sving på skulen, og eg vil kanskje vera litt begge plassar ei tid framover, seier den nye kulturleiaren som har brei erfaring både som leiar og innan kulturlivet. Til saman seks personar søkte på stillinga som kulturleiar. Tre av desse var lokale.