Feil på 12 av 23 mopedar

Fredag morgon kontrollerte politiet og Statens Vegvesen 23 mopedar ved Ølen vidaregåande skule. Over halvparten fekk reaksjonar.

Sju hadde tekniske manglar, ein vart avskilta og fire mopedistar vart kalla inn til samtale med politiet etter mistanke om trimming av mopeden.

— Me kjem til å ha fleire slike kontrollar. Den siste tida har me fått melding om ulovlege trimma mopedar frå fleire bygder. Me oppmodar føresette å sjå til at poden sin moped er i lovleg stand, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.