Nedgang i Etne og Vindafjord

Både Etne og Vindafjord har nedgang i talet på heilt ledige den siste månaden. Dermed fylgjer kommunane trenden i både i Hordaland og Rogaland om færre ledige. Dei ferske tala frå NAV for Etne viser 26 heilt ledige ved utgangen av august. Det utgjer 1,2 prosent av arbeidsstyrken. Førre månad var det registrert 35 heilt ledige i kommunen. Etne har saman med Fitjar den største nedgangen i Sunnhordland det siste året. Nedgangen i Etne er på heile 50 prosent, noko NAV set i samanheng med at fleire innbyggjarar med innvandrarbakgrunn nå har fått jobb. Vindafjord har 120 ledige, eller 2,5 prosent av arbeidsstyrken, mot 141 utan jobb i førre månad. Vindafjord ligg framleis over landssnittet på 2,4 prosent, men under Rogaland fylke som har 2,8 prosent ledige av arbeidsstyrken i dei siste tala.