113 km/t i Åkrafjorden

UP med fartskontroll onsdag kveld.


UP gjennomførte onsdag kveld laserkontroll på E134 i Åkrafjorden. Resultatet blei tre forenkla førelegg for brot på fartsgrensa. Sjåføren med høgaste fart blei målt til 113 km/t, opplyser Sør-Vest politidistrikt om kontrollen som blei halden i 80-sone.